Å skrive godt er ingen tvang
av: Anders A Fitje
Samtalens tynne tråd
Skriveerfaringer
Anders Johansen
Spartacus
Kjøp
boken hos Bokkilden!
I
Samtalens tynne tråd
set Anders Johansen, professor i medie- og kulturhistorie, seg sjølv
og si eiga skriving under lupa. Anders Johansen vil gjerne vite
kva det er Anders Johansen eigentleg gjer når han skriv. Alt
kan etterforskast: tankepraksisar, skikk og bruk ved lange og korte
setningar, snarer og freistingar; alt som vedgår ein skriftmakar.
Kan det han finn, også kome til nytte for andre skriftmakarar?
Eg, frå Norges Litteraturskole, les og prøver å
lære.
Korleis skriv eg
” Hva vil det si å skrive?” spør Anders Johansen
i første setning. Forteljinga hans om skriving som handverk
startar med eit stort, stort spørsmål; eit av dei
største. Dei neste, korleis skriv ein?, og kvifor?, gjer
det tydeleg at forfattaren har sett seg ned for å finne ut
kva løyndomen bak skriving er. Forfattaren presiserer imidlertid
tidleg, at det er for si eiga skrift han stiller desse spørsmåla.
Dei svara han søkjer, vil ikkje gjelde for alle. Det er
si eiga skrift, og sine eigne utgjevingar han har sett som emne,
og dermed seg sjølv han har sett som prøveklut. Denne
boka er, med andre ord, ei essaysamling.Om å leite etter seg sjølv
Essayet handlar gjerne om å leite etter ei eller anna form,
som mennesket kan uttrykkje seg sjølv i. Essayet får
gjerne dette innhaldet, at det handlar om seg sjølv; homo
quaestiones: det leitande mennesket. Så endeleg, tenkjer
eg, her er nokon som kan fortelje om sjølve handverket,
om sin skrivande praksis, og om kva det eigentleg vil seie, å skrive.
Anders Johansen skriv mykje om sin eigen tekst Særoppgave.
Livssyn. frå 1999. Korleis har han gått fram, og kva
erfaringar har han hausta?
Å leite på ville vegar
Der eg likar Samtalens tynne tråd best, er der Johansen opnar
opp for den frigjerande måten å tenkje på; når
han med sin professoroversikt kan seie at ”selv finner jeg
adspredelse i å snoke i fremmede bokhyller … jeg leter
best når jeg får glemme meg bort og komme på villstrå.” Den
som leitar, skal finne noko heilt anna. Og dette anna kan vise
seg å vere vel så viktig for arbeidet som det ein fyrst
såg etter. Slikt likar vi å få vite, vi likar å få vite
at det går an å reise seg frå skrivebordet av
og til, vekk frå den helvetes maskina, dette avsindig blanke
papiret; gå ei runde på golvet eller to, kome attende
på ny frisk og ha nytt pågongsmot og skrive meir.
Orden! Det må vere orden!
Tidleg vert det klart for meg at Anders Johansen og eg, slett ikkje
er på same breiddegrad. For meg som skribent er det viktig å etablere
ein ikkje liten grad av fridom for meg sjølv, også når
det gjeld å skrive noko så i utgangspunktet stivbeint
som eit fagleg essay. Anders Johansen skriv, litt strengt og
reglementert, om unøyaktige setningar i essay han har
professorisert over. Her er det ein uorden i språket som
gjer at teksten og meininga vert uklår. ”Å skrive
grammatisk konsekvent er å tvinge tanken til konsekvens.”
Eg kan ikkje fri meg sjølv frå å spørje
om dette no er ein slik gylden regel. Kva slags tanke er det Johansen
tenkjer på? Normtanken? Den uniformerte tanken? Tvangstanken?
Kva skal ein så gjere med den rufsete, uregelmessige tanken
som måtte dukke opp, på ein uordentleg og framfus måte;
skal den ryddast vekk, i all sin uordentlege inkonsekvens? Stundom
treng språket sjølv justeringar. Ein grammatikk er
ikkje ein heilag orden, men noko som også må justerast,
eit kart som kjem til etter terrenget, og, som alle reglar, er
til for å brytast. Her skriv Johansen for og om studentane
sine, men til alle som måtte ha behov for å skrive
sine eigne essay - som er ei fri form, meir enn artiklar og avhandlingar
- på sin eigen måte, kan eg ikkje seie anna enn ”nei
og atter nei”, og ”ikkje gjer som professoren din seier!” Dessutan
motseier han seg sjølv seinare i boka, i eit nytt essay.
Her er han komen fram til at: [Ens stoff] må synes å ha
i behold noe av den ubestemthet og ugjennomtrengelighet som kjennetegner
ting og situasjoner i den fysiske verden”.
Korleis skrive
Det var noko av det eg ikkje likte. Det er elles mykje i denne
boka eg likar, det er ikkje det. Anders Johansen skriv om ymse
praktiske og upraktiske, konkrete, skrivepraksisar; om måtar å innrette
seg på. Anders Johansen likar til dømes korte setningar.
Det må han gjerne gjere. Eg for min del kan godt like korte
setningar. Men samstundes likar eg lange setningar også,
setningar som er heseblesande, ambisiøse, medrivande.
Men ikkje for lange sjølvsagt. Johansen skriv båe
delar, og beherskar båe delar bra.
Å fange sovande sjeler
Gro Dahle har skrive at ”en forfatter jeg vet om skrev fra
klokken fem til seks om morgenen, for å fange sjelene til
de som sover.” Kva for sjeler Anders Johansen vil fange er
eg ikkje sikker på. Eg vert derimot meir og meir sikker på at
det ikkje er lett, dette å skrive om å skrive. Eg vert
brått svært usamd i alle reglar og satsar som vert
lista opp for meg. Der ei slik bok som dette fungerer best, er
når den listar opp gode bøker forfattaren har lest
og blitt inspirert av, når Johansen siterer andre forfattarar
som skriv godt. Lesetips er alltid velkomne. Skrivetips som desse
derimot, vert eg skeptisk til, i alle fall når Johansen her
latar som dei er allmenngyldige. Skriving er ei individuell synd,
og bør dyrkast som alle individuelle synder; ærleg,
entusiastisk og djupt personleg.
Du skal drive språk!
Ellers likar eg Anders Johansen når han kritiserer sitt eige
fag, mediefaget. Mediefaget skal no verte eit danningsfag, og Johansen
skriv om danning og fag som eit par av motsetjingar: ”Forsøket
på å foredle elevene gjennom lesning av klassikerne
gir avsmak for kulturarven for all framtid.” Tankevasene
til Johansen fører han attende til dei gamle grekarane og
til retorikken; den praktiske, pragmatiske retorikken, som også kravde
kunnskapar og kjennskap til kunst og kultur, men i kraft av at
dette var nødvendig for å forstå det den andre
snakka om. Danning er kommunikasjon, kommunikasjon som kontakt,
samhandling, utagering; samfunnsaktivitetar. Det må vere
ein vilje til samtale som ligg bak alt saman. Ein må praktisere,
lese, skrive. Ein skal drive språk!
Dette er ei fruktbar innsikt. Det den til sjuande og sist inneber,
er individuell kritikk; vurderingar på eit personleg grunnlag.
Dei gamle grekarane var individualistar. Språk må kritiserast
og vurderast. Bøker må kritiserast. Men grunnen til
at dette skal gje meining, er at det vert utført på ein
personleg måte, som gjer at det betyr noko for ein sjølv.
Kommunikasjonen i samfunnet forutset ein høg grad av individuell
fridom og eins eigen erkjenning av denne. Dermed fører den
uniformeringa av tanken som Johansen går mot, motsett veg
av der han vil, med sin eigen påkalling av retorikken.
Trongt språksyn
Difor er det også feilslått når han skuggeboksar
mot den ”pretensiøse filosofien”; når
han skriv at det ”å anstrenge seg for å meddele
noe forståelig, mest mulig presist, er å forplikte
seg [ovanfor fellesskapet].” Å velje å vere uklar
er å ”fristille seg, å isolere seg.”
Eg synest ikkje denne omsorga ovanfor fellesskapet er rørande,
snarare viser den ei belærande haldning, som i røynda
er meir pretensiøs enn den filosofien, eller det språket,
han angrip. Det er den individuelle fridomen som han støttar
seg på, i ovanfor nemnde vilje til å samtale, som vert
forstyrra i Johansen sitt krav om klare formuleringar. Språket;
dette minelagde kvepsebolet av eit reiskap som vi no eingong har,
er meir generøst, meir elastisk, og meir slitesterkt enn
det han trur at vi trur det er. Det gjev rom for all mogleg bruk,
også den undertrykte, den aggressive, og den hittil ukjende.
Ironi og ambivalens er ikkje moteord, men eldgamle, retoriske verkemiddel
som kan nyttast om att og om att, på fruktbare måtar.
Individuell fridom krev at den tanken som uttrykkast, får
rom å bevege seg i. Det som er strukturerande for Johansen,
kan vere trangt og klamt for andre.
Vil ha strame liner, ikkje strame rammer
Den fridomen essayet ber bod om, forutset ei høg grad av
toleranse hjå lesaren for utprøving og for tabbar.
Essayet balanserer på stram line når det gjeld å feile
og falle i språket. Difor er essayet meir utsett for kritikk,
og når det feilar, utan sikkerhetsnett i større grad
enn andre stilartar. Høge ambisjonar krev høgde under
taket, og gjev større fallhøgde. Og slik bør
det vere; det må berre finnast rom for feil; rom å feile
i, og høgder å falle frå. Fiaskoane vert gløymde,
suksessane – dei originale – viser oss nye balansekunstar.
Det er alltid interessant når nokon freistar å skrive
om sin eigen skrivemåte. Dessverre opplever eg at skrifttankane
til Anders Johansen fører essayet inn i trongare rammer
enn han sjølv ynskjer, og eg sjølv ynskjer. Ein får
kjensla av at det berre er dei skikkelege og ordentlege skribentane
Johansen vil ha; dei som ikkje tullar og tøysar. Når
alt kjem til alt verkar denne innstillinga – trass i all
vilje til å lære bort – innsnevrande og undertrykkjande.