Om kunsten å skrive godt
av: Anders Fitje
Gode Fagtekster - essayskriving for begynnere
Bech-Karlsen, Jo
Universitetsforlaget
Kjøp
boken hos Bokkilden!
I
vitskapen vert det no vanlegare og vanlegare å klistre merkelappen
”essay” på kvar ein ussel artikkel eller avhandling.
Eller på norskstilen i vidaregåande skule. Avisene er
fulle av essay. Essayet er over oss, over alt: ”Skriv kva
du vil, men kall det essay for Guds skuld, så vert det sving
på det.” Men kan alle skrive essay? Og kva er eigentleg
eit essay?
Ein ny arena?
”Essayet er en stemme som melder seg inn i
samfunnets samtale om seg selv”, skriv Jo Bech-Karlsen i innnføringa
Gode Fagtekster – Essayskriving for nybegynnere, som er mynta
på dei som vil skrive essayistisk om faget sitt. Altså
studentar eller fagleg tilsette, på høgskular og universitet.
Skribentar som vil setje faget sitt inn i ein større samanheng,
kan gjere det gjennom essayet. -Dersom essayet vert ein vellukka
akademisk sjanger, vil den nye lesegleda kanskje skape større
interesse for det forskarane gjer, tenkjer gjerne nyskapande akademikarar,
som kanskje skriv essay sjølv til og med.
Antisjanger
Så er det berre det, då, at essayet
ikkje er nokon sjanger, ikkje høyrer inn under den akademiske
fana. Essayet eignar seg ikkje innan akademia, eller rettare kanskje,
akademia gjer seg ikkje i essayet. Essayet skaper alltid tvil om
omgrepa, tvil om definisjonane. Essayet går utanom, startar
frå ein annan kant, leitar etter digresjonar, leikar seg.
”Hell og lek er vesentlig for essayet” skriv Adorno
i Essayet som form, ”man kan ikke foreskrive essayet dets
oppgave. I stedet for å yte noe vitenskapelig eller skape
noe kunstnerisk, gjenspeiler det, endog under anstrengelse, barnets
lek”. Det er derimot alltid interessant å studere essayet.
Men å skrive eit: vanskelegare. Det er ikkje noko mål
for essayet å kome fram til noko sant. Sanninga er bestemt
og bastant, og essayet er ingen av delane.
Ingen performativ tekst
Boka er ikkje eit essay sjølv, kledeleg nok.
Slik ei innføring skal vere, er den systematisk, innordna
i bolkar og med eksempel til kvart kapittel, med sitat, og med hyppige
forsøk på å ringe inn kva essayet er. Gode Fagtekster
er omgrepsbestemt, noko essayet skyr: omgrep, definisjonar og systematikk
er klare døme på kva eit essay ikkje handlar om. Uheldigvis
er stilen i boka, oftare enn ynskjeleg, halde i eit flatt og interesselaust
språk. Bech-Karlsen skriv til dømes at: ”Essayet
inviterer til samtale; det gjør leseren til deltaker og reisefølge
på essayistens oppdagelsesreise”. Her vil studenten
vonaleg tenkje at dette er eit skrekkens døme: for slike
klisjèar vil jo gjerne den gode essayisten halde seg for
god til.
Essayet og det moderne
”Essayet”, skriv Jo Bech-Karlsen, ”er
en sammensatt og personlig prosaform, der refleksjon over erfaring
bærer teksten.” Essayet er personleg, subjektivt, eg-prega.
Fragmentert, usystematisk og rotlaust som det er, kler essayet den
moderne erfaringa betre enn den strenge vitskaplege artikkelen.
Essayet er mindre påståeleg, lettare i forma, vitskapleg
uangripeleg i all si beskjedne framferd, og lettare å lese.
Men ikkje nødvendigvis lettare å skrive.
Essay er refleksjon
Essayet er refleksjon over handling. Ettersom ein
handlar, bør ein reflektere. Resultatet vil bli den personlege
forteljinga som er blitt kalla, sidan Montaigne, essay: forsøk.
Essayet lovar ingen ting, det set berre i veg. Likevel skal essayet
gripe det allmennmenneskelege i dei ulike handlingane. Det er, når
alt kjem til alt, ikkje så lite ein krev av eit stakkars lite
forsøk.
Nyttige tips
Bech-Karlsen har henta mykje av si erfaring med
undervisning i essaytekstar frå hovedfagsstudentar på
eit studium kalla Profesjonskunnskap, eit hovedfag der ulike typar
studentar med ulike typar kunnskap var samla, alt frå journalistar
til flygarar til politi. Studentane skildra sin kunnskap gjennom
essayet, og reflekterte over sine eigne erfaringar. Gjennom sitt
arbeid med det kjem Bech-Karlsen fram til ei rekkje punkt som essayisten
bør halde seg til, men som han også bør unngå.
Det skal seiast at Bech-Karlsen her kjem med ei rekkje punkt og
tips som er rett på sak, konkrete, og nyttige. På ei
rekkje område kan boka vere til hjelp når ein skal unngå
feller. Ein bør unngå internt, innforstått fagspråk,
ikkje dynge den ned med teori. Skap din eigen stil, ver personleg.
Her har boka ein styrke.
Inspirerer ikkje
Dessverre skaper ikkje denne boka det som må
vere essayistens beste drivkraft; inspirasjon, glede over språket,
og dermed skriveglede. Jovisst kjem Jo Bech-Karlsen med ei rekkje
døme på gode tekstar, men språket i denne teksten
er ikkje skarpt nok til å skape det som ein som skal skrive
gode essay treng best: trua på språket. Den får
ein betre, etter mi meining, ved å lese andre gode essay.
Ein skriv ikkje dermed gode essay ved å lese Gode Fagtekster.
Derimot kan ein få råd til kva ein ikkje skal gjere
– boka gjer greie for ulike feller den ferske essayisten kan
gå i, og det er jo ein start.
Kast alle reglar
Likevel skulle eg ynskje at han ville fokusere meir
på det essayet er; tekstskaping i fridom. Fridom er viktig
for essayisten, for fridom er det viktigaste essayet har. Ein som
skal skrive essay, har rett, og plikt, til å kaste hemningar
og åk over bord. Difor bør det fyrste råd til
den som les Gode Fagtekster vere, gjerne etter å ha lest den,
for all del: Å kaste boka i søppelkassa, fornekte alt
i den og vere seg sjølv aller nærast når ein
skal skrive. Ein skal gløyme alle skal og kan. Essayet er
trass alt ein personleg sjanger: og det personlege kan nesten ikkje
betonast sterkt nok. Difor er gode råd interesante, men nesten
alltid som noko ein kan reagere mot, og i essayet, avreagere på.
Denne fridomen er absolutt for essayet, og noko som Gode Fagtekster
ikkje betonar sterkt nok.
For all del
Boka er nyttig på sitt vis. Den kan vere rettleiar
på ein del punkt. Men eg er ikkje sikker på om den vil
gjere fagskrivarar til gode essayistar. Til det er den for akademisk,
for anemisk, for uinspirerande. Den kjem med ei rekkje gode råd,
men den vert for slagordprega, for tørr, til å kunne
drive skribentane halsande til skrivepulten.